Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Meldt for narkotikabruk

Tre personar – ein mann, ein gut og ei jente, er meldt for bruk og besittelse av amfetamin og hasj.

– Dei tre er meldt. Det er snakk om mindre mengde til eige bruk. Dette var i Os, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Trafikkontroll

Politiet gjennomførte ein trafikkontroll i Industrivegen søndag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kontrollerte 35 bilistar i forhold til promille. Der var det ikkje noko å reagera på, men ein bilist fekk eit forenkla førelegg fordi han hadde for mange passasjerar i forhold til sitjeplassar i varebilen, seier Hadler-Olsen.