Rykte ut: Politiet rykte ut og vart møtt av ein person som skal ha vist seg å vera vanskeleg.

Meldt for vald mot offentleg tenesteperson

Ein mann i 30-åra skal ha blitt aggressiv og valdeleg då politiet fjerna han frå ei privat adresse natt til søndag.

Klokka 02.45 fekk politiet i Os melding frå ei privat adresse om ein mann som var uønskt på staden. Politiet rykte ut og vart møtt av ein person som skal ha vist seg å vera vanskeleg.

Politiet måtte til slutt ta kontroll på mannen. Han er meldt for vald mot offentleg tenesteperson og for forulemping.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vart etter kvart køyrd til arresten i Bergen. På vegen ned skal han ha gjort skadeverk på politiets tenestebil.

Saka er meldt.