Brann: Like før klokka 18 kom det melding om ein gras- og terrengbrann i Opsalmarka på Fusa. Brannen skal no vera sløkt.

Gras- og terrengbrann på Fusa sløkt. – Mannskapa er på plass og dynkar terrenget

Brannen vart ifølgje varabrannsjef Erik Walden sløkt av lokale på staden.

Klokka 17.49 sendte 110-sentralen Vest ut ei melding på X om brann i terrenget på Fusa.

– Det er snakk om ein gras- og terrengbrann, opplyser varabrannsjef Erik Walden til Os & Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannen var lokalisert til Opsalmarka, og skal ha starta 20 meter frå ein fritidsbustad.

– Det er andre einebustader i nærleiken også. Lokale klarte å sløkka brannen med ein hageslange, fortel Walden.

Ettersom det er varmt og fint, og svært tørt ute, vart mannskap frå både Eikelandsosen, Fusa og Os sendt i retning Opsalmarka.

– Vi er litt på allerten for tida. Mannskapa er på plass og dynkar terrenget ekstra godt, seier Walden og legg til at dei har kontroll på staden.

– Heldigvis vart brannen sløkt kjapt, seier han.

Varabrannsjefen veit førebels ikkje kva som er årsaka til at det byrja å brenna.