På veg til brannstaden: Brannvesenet i Os rykte også ut til brannen i Eikelandsosen.

Meldt om bygningsbrann på Koldal i Eikelandsosen

For kort tid sidan vart det meldt om brann i ein bygning på Koldal i Eikelandsosen.

Brannvesenet er ifølgje 110-sentralen framme på staden, og ein har kontroll på brannen. Éin person vert ifølgje meldinga sett til av helsepersonell.

Os og Fusaposten har vore i kontakt med vakthavande brannbefal. Varabrannsjef Erik Walden fortel at han er på ferja på veg til brannstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slik eg forstår det er det ein person som har fått røyk i seg. Det vart meldt om ein bygningsbrann, men det verkar som om brannvesenet i Fusa har kontroll over situasjonen. Dei held på å lufta ut og ventilera. Det er det eg veit så langt, seier Walden.