Brannvesenet: N/A

Batteribrann årsak til røykutvikling

Måndag ettermiddag melde Vest politidistrikt om røykutvikling på Lunde barneskule.

Politiet opplyste at personane som var til stades i skulebygninga då ein oppdaga røyken, var komne seg ut.

Espen Storum ved Os brann og redning kunne fortelja at det er ein automatisk brannalarm som hadde gått av og at eit vaktlag var på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 17.45 fekk Os & Fusaposten prata med utrykningsleiar Morten Moberg.

– Det var eit batteri til ei sykkellykt som stod og lada i personalgangen som var årsaka til røykutviklinga og at alarmen gjekk. Det var ikkje gått så langt som til at det var flammar, men det er eit svimerke i golvet, fortalde Moberg.