Vårvibbar: Blir det is i sola på 17. mai eller må me rekna med regn?

Meteorologen om 17. mai: – Det er ei gåte nett no

– Eg skjønar at folk vil vita.

Det seier meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, Anne Solveig Andersen. Ho vedgår at det har mange telefonar i slutten av denne veka.

– Alle vil vita om 17. mai-vêret. Det er den dagen i året media og andre er desidert mest oppteken av, fortel Solveig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har stor forståing for interessa, men har førebels ikkje noko fasitsvar.

– Årets 17. mai-vêr er ei gåte. Årsaka er at me rett og slett er usikre på kva vêrsystem som kjem til å råda over landet på nett den dagen. Det er ganske mange ulike moglege utfall, seier Andersen.

Ho konstaterer at det fine vêret i helga vil endra seg på måndag.

– Då kjem det inn eit lågtrykk og temperaturane vil dala ein del. Me ser eit rotete vêrbilete fram mot onsdag. Det kan bli finvêr, men det kan også bli ganske kaldt og surt.

– Og regn?

– Kanskje, svarer Andersen.

Varm og fin helg

Det ho derimot er rimeleg sikker på, er at vêret i helga blir fint.

– No er det høgtrykk. Det vil de i Bjørnafjorden merka effekten av heilt fram til måndag. Store delar av helga vil det vera sol og skyfri himmel, men det kan koma nokre små regnbyer i indre strøk, fortel Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vert temperaturen?

– Den vil liggja på kring 17-18 gradar gjennom heile helga, før det blir litt kaldare på måndag, fortel meteorologen.