Sovna stille inn: Mikal Leigland sovna stille inn omgjeven av sine nærmaste og etter kort tids sjukdom.

Mikal Leigland har gått bort

Varaordførar i Bjørnafjorden kommune, Mikal Leigland (Sp), sovna stille inn heime i Strandvik i dag, onsdag.

Det skriv kommunen på sine heimesider.

Han sovna stille inn omgjeven av sine nærmaste og etter kort tids sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er med stor sorg vi mottok meldinga om Mikal sin bortgang. Mikal var ein bauta på så mange måtar. Han set spor etter seg, ikkje berre i Strandvik, i gamle Fusa eller i Bjørnafjorden kommune, men i ein heil landsdel. Han var ein ekte samfunnsbyggar, med eit enormt hjarte og varm omtanke for dei rundt seg. Han vil bli sårt sakna av alle oss som har vore så uendeleg heldige å kjenne han, seier ordførar Trine Lindborg.

– Eg er så lei meg, og samstundes takksam for dei tre åra eg fekk jobba tett saman med Mikal. Vi var ulike, og hadde aldri jobba saman før. Men vi fekk raskt respekt for kvarande og blei verkeleg gode vener, seier Lindborg i saka på kommunen sine heimesider.

– Bjørnafjorden kommune sender varme tankar til kona Magnhild, barn, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Vi kjenner med dykk i sorga. Vi tenker òg på alle dei tilsette i Leigland Bygg som no har det tungt.