Militærgrøn BMW er meld stolen

Stolen: Dette er bilen som skal ha blitt stolen anten onsdag kveld eller natt til torsdag.

Politiet vil ha tips frå publikum. — Bilen er ganske iaugefallande, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Tidleg torsdag blei det meld om eit biltjuveri i området Søfteland. Grindstein opplyser at det er snakk om ein militærgrøn BMW 318d, med gullfarga felgar.

Iaugefallande: – Bilen er ganske i augefallande, seier politioverbetjent Christine Grindstein. Bilen er grøn og felgane er gull-farga.

— Bilen blei parkert utanfor bustaden i går, onsdag kring klokka 20.00. Politiet er interesserte i observasjonar av denne bilen, skriv Grindstein i ein e-post.