Stoppa fest: To gonger rykte poltiet ut laurdag for å stoppa ein fest.

Mindreårige og alkohol: Politiet stoppa fest tidleg laurdag kveld

Laurdag fekk politiet melding om to tilfelle av feststøy.

Klokka 21.50 var politiet på plass på ei adresse nord for Os sentrum. Det var naboar som hadde reagert på høg musikk frå ein bustad.

— Festdeltakarane var i alderen 16 til 18 år. Dei fekk beskjed om å avslutta. Fleire av dei var mindreårige og det var alkohol i biletet. Foreldre blei varsla. Det er noko uklart kor mange som var på festen. Kan henda at fleire kom seg unna før politiet kom. Det er ikkje reagert på at smittevern ikkje blei følgd. Dei fekk beskjed om å avslutta festen, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 00.40 fekk politiet melding om ein ny fest. Då var det i nærleiken av Os sentrum. Her skal det ha vore personar i 18-årsalderen.

— Dei sat ute. Ut frå loggen var det god avstand mellom dei. Men dei sat ute og det skal ha blitt litt støy. Det var seint og naboar reagerte. Vi avslutta festen. Dei etterkom pålegget, fortel vakthavande politibetjent.