Minister på ErAn-besøk

Tidleg onsdag morgon starta samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på E39-turen sin frå Trondheim til Kristiansand. Tolv timar seinare svingar bilen hans inn på p-plassen til ErAn Vegkro i Os.

 

Wenche M. Eriksen

Artikkelen held fram under annonsen.

wenche.eriksen@osogfusa.no

 

Ute på p-plassen til ErAn står fleire, fine amerikanske bilar på rad og rekkje. Kveldssola får det til å gløda litt ekstra i den blanke lakken og krommet, og fleire må ta seg ein svingtur bort til bilane for å studera dei på nært hald.

Fleire motorsyklar kjem også sigande inn på plassen, og snart summar det av stemmer i teltet som er sett opp bak ErAn-kroa.

- Ein fantastisk fin og humørfylt gjeng. Dei plar ofte møtast her, seier Linda Andersen og gjev MC-gjengen eit strålande velkomstsmil.

I horisonten byggjer det seg opp ein tung, blygrå vegg av skyer, men ingen - bortsett frå bladfyken - lèt seg skremma av slikt. Det er tryggast å koma seg under tak, og kanskje også få seg ein matbit før statsrådfølgjet fyller opp vegkroa.

Medan me ventar

Menyen kjem raskt på bordet, og me skrollar nedover for å sjå kva som kan freista.

- Eg vil jo absolutt anbefala burgeren Route E39, det skulle passa veldig bra i dag. Det er den me kjem til å servera Solvik-Olsen og følgjet i kveld, seier innehavar Linda Andersen, før ho svinsar vidare og forsvinn ut på kjøkenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

E39-burger vert servert med salat, raud lauk, bacon, blåmuggost og chilimajones og båtpoteter, kan me lesa oss fram til i menyen. Jau, kvifor ikkje? Me går for Route E39 i kveld.

Ved nabobordet har tre damer benka seg, og innehavaren er på pletten igjen, og fortel at dei er styremedlemmer i Os Amcar Club. Og for at den utsende journalisten skal ha noko å gjera medan ho ventar på maten, tek Linda like godt affære og får kasseraren i Amcar-klubben, Trine Hjertholm, til å setja seg bort til bordet vårt.

Fast møteplass

- Kva fekk deg interessert i amerikanske bilar?

- Nei, der hadde eg vel ikkje noko val, ler Trine. - Mannen min, Oddvin Skråmestø, er heilfrelst, og etter kvart smitta det også over på meg, seier ho.

Trine har vore med i styret sidan ho melde meg inn i klubben i 2007. Dei er tre damer og fire menn i styret, og under årsmøtet i april tok Frank Hetleflåt over styrarvervet etter Sigrid Flaterås.

Trine og mannen har fire bilar, den eldste er ein Chrysler 300c frå 1957, og så har dei kvar sin 2001-modell Chrysler PT-cruiser og ein 2000-modell Dodge Ran.

Os Amcar club nyttar ofte møtelokala i andre etasje på ErAn når dei skal ha medlems- eller styremøte.

- Det er heilt tilfeldig at kveldens styremøte fell saman med statsrådbesøket, men det vert jo ekstra stas, seier Trine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har også mange godord å dela ut når ho kjem inn på Linda og teamet hennar på ErAn. - Dei yt ein fantastisk sørvis, og får folk til å føla seg sett og velkomne. Når dei i tillegg har god mat til overkomelege prisar, er dette ein perfekt møteplass, smiler ho.

Maten kjem på bordet, og me får testa den litt uvanlege kombinasjonen med burger og blue cheese.

Linda kjem bort for å høyra om burgeren smakte. Og, det gjorde den.

-Ein skulle mest tru de har hatt nettopp dette statsrådbesøket i tankane då de kalla ein av husets burgar-spesialitetar for Route E39?

- He, he, he. Nei, akkurat det er nok heilt tilfeldig, ler kroverten.

Bilfrelst statsråd

Samferdsleministeren stig endeleg ut av bilen saman med Gustav Bahus. Og det går ikkje mange sekunda før han er borte og ser på Chrysleren til Anton Kåre Drønen. Han set seg inni bilen, og snart er mannfolka fortapt i sitt eige bilunivers. Etterpå må ministeren innom bensinstasjonen og verkstaden til Erling og Dag Andersen på andre sida av vegen. Dei har mykje å snakka om.

I mellomtida har politikarar frå Høgre og Frp benka seg rundt borda inne i kroa. Det er ikkje berre lokalpolitikarar som har møtt fram, det har også kome folk frå Stord, Fitjar, Fusa, Fjell, Tysnes og Kvam. Dei ventar tolmodig, men kikar av og til ut vindauga for å sjå om følgjet er på veg inn. Men nei, det tek si tid når ein bilinteressert minister har hamna sånn midt i smørauga.

Sjølvsagt har partikollega frå Frp og leiar i samferdslekomiteen i Hordaland, Gustav Bahus, hatt meir enn ein finger med i organiseringa av dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Samferdsleministeren sin E39-tur starta i Trondheim tidleg i dag, og han reiser vidare til Kristiansand i morgon. Os ligg om lag midt i ruta til Ketil, og eg visste at ErAn Vegkro ville vera midt i blinken for han. Han har budd i Amerika i mange år, og er veldig interessert i amerikanske bilar og i bensinstasjonar, forklarer Gustav Bahus.

- Dette var først og fremst tenkt som ein uhøgtidleg stopp på vegen, legg han til.

Men no synest visst varaordføraren i Os, Marie Bruarøy, at mannfolka har brukt lang nok tid på veteranbilsnakk. Ho reiser seg og forsvinn ut døra. Like etter kjem ho inn att med ministeren og følgjet på slep.

Regjeringsskryt

- Dette var utruleg kjekt, strålar Solvik-Olsen, vel komen innanfor døra.

Han blir ønskt velkomen av Linda Andersen, som fortel at ErAn har levd med trugselen om bomstasjon på staden i 23 år.

- Me har berre fått driftsløyve for to år om gongen, fordi det var snakk om å setja opp ein bomstasjon her, sa ho.

- Eg er veldig glad for at me fekk ein stopp her på vegkroa, og vil gje honnør til dei som driv ErAn. Det er ein veldig triveleg plass, sa Solvik-Olsen innleiingsvis.

- Som Frp-politikar er det ikkje særleg mykje positiv PR eller drahjelp å få frå media, så difor har me valt å reisa ut og snakka med folk rundt om i landet. På den måten får me også med oss ulike meiningar og synspunkt som kan bli nyttige for oss, sa samferdsleministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han sa vidare at Regjeringa hadde fått gjennom veldig mykje i løpet av dei 20 månadene dei har site ved makta.

- Me har eit godt samarbeid med Høgre, og me er stort sett samde om kva som må til når det gjeld samferdslesektoren. Det er ikkje noko diskusjonstema hos oss. Det einaste me er litt usamde om, er bompengeinnkrevjinga, sa han.

- Medan den forrige regjeringa tydelegvis ikkje var særleg interessert i å endra så mykje i det rådande systemet, har me klart å leggja fram ny bompengelov, jernbanelov, postlov, parkeringsforskrifter m.m. Ta berre E39. Vegen har vore planlagt lenge, men inga regjering før oss har klart å gjera noko med det før no, slo Solvik-Olsen fast.

Bompengefrie sidevegar?

På turen til ErAn på Røykenes gjekk turen om Nordvik og Fanafjellet. Her har det vore snakk om å setja opp ein bomstasjon i samband med nye E39. Under møtet tok Solvik-Olsen opp temaet om bomstasjonar på sidevegar.

- Der me MÅ ha bomstasjonar, vil me prøva å gjera bompengesatsane så låge som råd er. Når det gjeld bomstasjonar på sidevegar, som t.d. over Fanafjellet, vil eg gjera kva eg kan for at slike vegar skal bli bompengefrie. Eg skal ta saka med meg tilbake til Regjeringa, lova samferdslestatsråden.

Stort meir rakk han ikkje å seia før maten vart servert. Han lova å koma tilbake etter matøkta, og ville også opna for spørsmål frå dei 63 påmelde Frp/H-politikarane. Men det hadde ikkje lokalavisa høve til å vera med på.

- Ikkje alltid lønsamt

Dagen derpå tek me kontakt med statsråden per telefon for å høyra litt meir om kva tankar han gjorde seg etter turen over Fanafjellet.

- Stortinget har no vedteke ei ny bompengereform, og me ønskjer å gjera ein del endringar på dette området. Me vil prøva ei motsatt tilnærming til det å setja opp bomstasjonar på sidevegar, og gjera det til ein hovudregel å ikkje setja opp stasjonar. Etter å ha køyrt sidevegen over Fanafjellet, vil eg påstså at ein skal vera veldig glad i å køyra på slike svingete, smale og trafikkfarlege vegar for å velja dette framfor ein veg som er langt raskare og tryggare, seier Solvik-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men kva då med innteninga til dei store vegprosjekta?

- Eg trur ikkje det vil få store økonomiske konsekvensar om ein ikkje har bomstasjonar på vegar med såpass liten trafikk som det er over Fanafjellet. Dessutan slepp ein investeringskostnaden med bygging og drift av bomstasjonen. Det kjem snart opp i 2-3 millionar kroner. Det vert også feil å laga ein økonomisk mur mellom naboar som bur på kvar si side av bomstasjonen. Ein kan lett verta utestengd frå sitt naturlege nærområde, meiner statsråden.

- Kva inntrykk sit du att med etter ErAn-besøket?

- Det var ein utruleg flotte kveld. Kombinasjonen med E39-burger og bilar var midt i blinken. Etter maten fekk me ein god dialog med dei frammøtte. Eg fekk fleire relevante spørsmål og innspel som eg vil ta med meg vidare. Og sjølvsagt var det ekstra stas at Amcar-klubben hadde møte denne kvelden, slik at eg fekk kikka nærare på nokre av bilane deira.

- Er du spesielt oppteken av amerikanske bilar?

- Ja, det må eg vel seia. Eg budde i fleire år i bilbyen Detroit, og eg likar både miljøet og bilane godt. Og årets ferietur går nettopp til Detroit, røper han.