E39: Mannen kan venta seg eit oppgjer med påtalemakta etter råkøyringa.

Mista lappen med ein kilometers margin

Medan bygda sov, mista ein mann i 20-åra lappen.

Klokka 00.30 natt til laurdag føretok UP ei snittmåling i Lyshorntunnelen på E39. Det er som kjent 100-sone på staden.

Bilen vart målt til 141 km/t. Dermed rauk førarkortet på staden. Mannen vert også meld til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde farten vore ein kilometer lågare, kunne saka ha vorte gjort opp med eit forenkla førelegg på 15.100 kroner. No endar saka i retten.