Mistanke om øvingskøyring med promille — utan gyldig førarkort

Ein bil blei stoppa på ferja over til Halhjem. Der viste det seg at det var mykje som ikkje var etter boka.

— Fredag blei vi gjort merksame på vinglete køyring på Tysnes. Bilen køyrde om bord ferja som skulle til Halhjem, og blei stoppa der, fortel politioverbetjent, Christine Grindstein.

I bilen sat det tre personar. Ein på 17 år og to vaksne, som er i slutten av 20-åra og starten av 30-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ingen hadde førarkort. 17-åringen skal ha øvelseskøyrd. Ingen i bilen har gyldig førarkort. Det er mistanke om at dei to vaksne var påverka av alkohol, og det er tatt blodprøve. Det er også mistanke om at det kan vera anna rus inne i biletet. Alle er meldt for køyring utan gyldig førarkort. Ingen av desse er heimehøyrande i Bjørnafjorden kommune, seier Grindstein.