Ein bil køyrde av vegen på Byvegen i Os torsdag ettermiddag.
Ein bil køyrde av vegen på Byvegen i Os torsdag ettermiddag.

Mistenkjer at sjåføren sovna bak rattet

Ein bil køyrde av vegen på Søfteland i 16-tida torsdag. Politiet mistenkjer at sjåføren sovna bak rattet.

Meldinga til politiet kom klokka 16.10. Ein bil hadde køyrt av vegen på Byvegen i Os.

– Det var ingen andre bilar involvert i ulukka. Sjåføren, som var den einaste i bilen, skal etter sigande vera uskadd. Han vart sendt til legevakt for sjekk. Det er mistanke om at han sovna bak rattet, opplyser konstituert lensmann i Os, Sindre Hallem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ein del trafikale problem på staden i tidsrommet etter ulukka. Ulukkesbilen var ikkje køyrbar, og måtte hentast av bilbergar.

– Politiet har oppretta ei sak på forholdet. Førarkortet til han som køyrte, vart inndrege, fortel Hallem.

camilla.kvamme@osogfusa.no