(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Mistenkjer køyring med promille

I 15-tida i går stoppa patruljen i Fusa ein bilist i Eikelandsosen, då dei mistenkte køyring i ruspåverka tilstand.

- Patruljen observerte bilen, og følgde etter. Føraren, ein mann i slutten av 20-åra, blei teken med til lokal legevakt for blodprøvar, seier politibetjent i Fusa, Kjartan Svendsen.

"Julegåve-tips" frå politiet

På Facebook-profilen til Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt, kjem politiet med det dei kallar eit julegåvetips til bilistar i kommunane: "Du som køyrer med kurve/tåkelys i mørkret, gjerne saman med nærlys, får eit tips om gratis julegåve til alle du møter på vegen: Slå av dette lyset, så vil du gleda alle. Forsking viser at du blendar dei du møter og tek 17-20 prosent av sikta frå dei. Det vil vera synd om dette er akkurat den sikta som trengst for å sjå fotgjengaren på vegkanten bak deg. Dessutan er det ulovleg med bruk av dette lyset å køyra saman med nærlys".

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer alle ei fin feiring

- Vi vil koma med ei påminning om reglementet kring lys-bruk på bil, seier Svendsen, som ikkje har skrive meldinga, men han trur at meldinga er lagt ut grunna tips om feil lys-bruk.

- Om vi ser nokon som brukar lysa feil, må vi reagera på det. Det vil bli gitt eit førelegg på kring 2.000 kroner om ein blir tatt.

Politibetjenten vil også nytta høvet til å ønskja alle ei fin feiring.

- God jul til alle saman, seier Svendsen.