(
(

Mistenkt for promillekøyring

Ein mann i 40-åra vart stogga i Os sentrum klokka 4 i natt, mistenkt for å ha køyrt bil i alkolholpåvirka tilstand.

Ein mann i 40-åra vart teken med til legevakt for blodprøvetaking etter å ha vorte stogga av politipatruljen i Os sentrum i 4-tida natt til søndag.

Mannen er mistenkt for køyring i alkoholpåvirka tilstand, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førarkortet er inndrege. Sak vert oppretta, skriv dei.

Litt tidlegare på kvelden fekk politiet melding om at det brant i ein postkasse i Lysefjorden. Personen som meldte frå om brannen, sløkte sjølv med vatn, etter å ha snakka med brannvesenet, heiter det.

Politiet skriv også at det vart gjort funn av narkotiske tablettar på ein person i Os sentrum like før klokka 01.

– Ein ruspåverka mann vart stogga av patruljen. Han vedgjekk at tablettane var i hans eige, opplyser politiet.