Tjuv eller ikkje: Det treng ikkje vera ein tjuv på ferde sjølv om nokon går i postkassene på nattestid.

Mistok postbud på Storestraumen for å vera ein tjuv

Fort gjort å misoppfatta, seier politiet.

I halvtre-tida natt til fredag fekk politiet melding eit mogleg tjuveri frå ei postkasse i Storestraumen.

Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon opplyser at det ikkje var nokon tjuv i dette tilfellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho forklarer at post-selskapet «Helt hjem» tilbyr pakkehenting og vidaresending, og at kunden kan leggja pakken i eiga postkasse.

— Deretter blir pakken henta, ofte på kveld og nattestid av ein førar i sivil bil. Denne tenesta kan ofte misoppfattast som om ein person stel frå postkasser, seier Lyssand oppklarande.