Faren er over: Den moglege løebrannen viste seg å vera bålbrenning.

«Mogleg løebrann» var bålbrenning

Bjørnafjorden brann og redning slo full alarm om mogleg brann på Nedre Hafskor.

Kl. 14.24 melde 110 på Twitter om mogleg brann i ei løe på Nedre Hafskor.

Ti minutt seinare kan vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning opplysa at det er snakk om bålbrenning.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Meldar observerte flammar på avstand og melde frå til oss. Vi slo full alarm, men mannskapet er no på staden og konstaterer at alarmen er avblåst.