5. klasse ved Søre Øyane barneskule er dei som i år har gjort det best i bygda når det gjeld leseresultat på dei nasjonale prøvane.
5. klasse ved Søre Øyane barneskule er dei som i år har gjort det best i bygda når det gjeld leseresultat på dei nasjonale prøvane.

Møt dei som er best i Os i lesing

Ein 5. klasse skil seg ut når det gjeld leseferdigheiter i Os. - Eg les på senga kvar kveld til mamma og pappa seier at eg må leggja meg og sova, fortel Sunniva Valen (10).

På Søre Øyane barneskule er det heilt stille medan elevane sit i djup konsentrasjon framføre skulebøkene. Os og Fusaposten har kome på besøk for å møta den 5. klassen som har gjort det best i heile Os når det gjeld leseresultat. Heile 31 prosent ligg på aller høgaste meistringsnivå - godt over både landssnittet og fylkessnittet.

- Eg er utruleg stolt over elevane, og kva dei har fått til, seier klasseforstandar Catrine B. Vareberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elias, Norah, Sunniva og Tobias forklarer

Lesegleda i klassen er openberr. Elevane kan nesten ikkje dy seg når dei får spørsmål om kva bøker dei likar å lesa.

- Eg har lese halvparten av alle Hardyguttene-bøkene. Det er 102 bøker til saman. Men eg likar også En pingles dagbok, seier Elias Hufthammer (11).

Medelev Norah Vernøy Hansen (10) er på si side glad i serien Dustedagboka.

Norah Vernøy Hansen, Sunniva Morfjord valen, Elias Hufthammer bakke og Tobias Lyssand har ei leseglede utanom det vanlege.
Norah Vernøy Hansen, Sunniva Morfjord valen, Elias Hufthammer bakke og Tobias Lyssand har ei leseglede utanom det vanlege.

- Det er jenteversjonen av En pingles dagbok, og det er 11 bøker til saman, fortel Vernøy Hansen.

Sunniva Morfjord Valen (10) fortel at foreldra ofte må be henne om å leggja bøkene ned når det er blitt for seint på kveld.

- Eg ligg og les gjerne opp til to timar kvar kveld. Av og til blir det for lenge, seier ho.

- Det er så kjekt å lesa, legg Elias til.

- Eg har lese alle Harry Potter-bøkene, seier Tobias Lyssand (10).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det favorittboka di?

- Nei, det trur eg må vera serien Den siste lærling eller Percy Jackson, seier Lyssand, og avslører dermed ei interesse for fantasty-litteratur.

Kva er løyndomen?

Dei fortel at sjølv med mykje leseerfaring, var dei nasjonale prøvane som vart haldne i fjor haust, ganske vanskelege.

- Det var ikkje heilt lett. Du skulle lesa ein tekst, og så svara på spørsmål frå teksten som handla om lundefuglar, fortel Norah og Sunniva.

Likevel var det altså svært mange som greidde oppgåvene, og gjorde skuleresultatet til det beste i bygda.

- Eg kom inn som klasseforstandar i år, så eg kan ikkje ta æra for mykje av dei gode resultata. Men eg veit at det er jobba mykje med å få på plass gode leseferdigheiter tidleg på denne skulen, seier Vareberg.

- Korleis har dei jobba for å koma opp på dette nivået?

- Tidleg innsats er nok det viktigaste. Det går ut på at det blir sett ekstra ressursar inn i norskfaget. Dermed kan me dela klassen opp i mindre einingar og jobba spesifikt med lesing. Då kan dei som er flinke få opplæring tilpassa sitt nivå, og dei som er svakare kan lettare bli plukka opp, fortel Vareberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

FAKTA

* Dei nasjonale prøvane er årlege testar der 5. klasse, 8. og 9. klasse vert testa i lesing, rekning og engelsk

* Os har lege noko under landssnittet, og Prosjekt Betre Læringsresultat er sett i gang for å betra dei

* I år har tre ulike skular gjort det bra i tre ulike fag:

* 5. klasse på Kuventræ skule er best i bygda når det gjeld engelsk. Der er 35,7 prosent på beste nivået

* 5. klasse ved Nore Neset barneskule er best i matematikk. 42,6 prosent er på beste nivået

* 5. klasse ved Søre Øyane barneskule er best i lesing. 31,6 prosent er på beste nivået