Åtvarar om badekulp-holet: – Folk må ikkje ut på isen på den kulpen på minst ei veke. Eg håpar folk held seg unna, seier Karl Pedersen til høgre på biletet.

Motocrossklubben tek avstand frå badestuntet - kjem med åtvaring

– Me meiner det gjekk vel fort i svingane her. Me synest det var uforsvarleg å laga eit så stort hol midt på isen, seier Karl Pedersen.

Nestleiaren i Os MC og MX Klubb ser at dei er takka i videoen som er laga av isbadinga på Ulvenvatnet søndag føremiddag. Han ønskjer å presisera at dei som klubb ikkje var samd i det som skjedde.

Les også
Jøran og gjengen laga «basseng» i Ulvenvatnet og kasta seg uti

– Me hadde dialog med badegjengen, men det gjekk nok litt raskt i svingane. Me var ikkje samde om at holet skulle lagast midt på isen. Hadde dei gjort det på sida ein plass, der færre går, ville det vore betre, seier Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar i Os MC & MX Klubb, Sindre Midtun, seier dette:

– Me skjønar at folk ønskjer å gjera noko sprøtt og ha det moro, men her tok dei seg til rette på eit område der me hadde køyring. Det fekk konsekvensar for oss. Berre så det er sagt: Me flytta køyringa eit godt stykke bort frå der badinga foregjekk. Slik at det var forsvarleg for oss å køyra.

Redd folk kan falla gjennom

Nestleiaren i klubben meiner at holet bør sikrast betre enn det som er gjort no.

– Slik det er no er det berre eit sperreband der. Om folk går der om kveldane med hovudlykt, kan holet koma brått på. Då kan ulukka vera eit faktum, seier han.

Han er også redd for at når isen i kulpen har frosset ein del igjen, så vil folk testa ut om isen der er trygg.

– Isen fryser 2 cm for dagen. I så måte kan ein ha ein tommelfingerregel om at denne kulpen ikkje er farbar på over ei veke, slår han fast.