Kolliderte: – Føraren av sykkelen kolliderte med ein stolpe og er køyrd til Haukeland Universitetsjukehus.

Politiet har oppretta sak etter motorsykkel-ulykka måndag kveld

To kvinner i 30-åra var involverte i hendinga i Strøno.

I 18.15-tida måndag kolliderte ein lettmotorsykkel med to kvinner i ein fortauskant på Nordstrøno.

Begge fall av sykkelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje vakthavande på sentralen i Vest politidistrikt var det ikkje snakk om alvorleg skade på nokon av kvinnene.

Føraren vart køyrd til Haukeland Universitetsjukehus, medan passasjeren vart frakta til legevakta på Moberg.

Ho klaga over litt smerter i kroppen, men var elles ikkje hardt skadd.

Det var lekkasje av bensin på staden, og brannvesenet tok seg av dette.

Politioverbetjent Atle Birkeland opplyser at det er oppretta sak på forholdet, og at det er teke rutinemessig blodbrøve av førar.