Avlyser: Frå før av er alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule og alle eksamenar på ungdomstrinnet avlyste. No avlyser regjeringa òg alle ikkje-skriftlege eleveksamenar i vidaregåande skule.

Munnleg eksamen i vidaregåande skule blir avlyst

Regjeringa har vedteke at alle munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar i vidaregåande skule blir avlyste i vår. Privatisteksamenar går som planlagt.

– Vi skulle sjølvsagt aller helst gjennomført eksamen som vanleg, men fylka har vore tydelege på at vi må prioritera. Derfor prioriterer vi å gjennomføre privatisteksamenar. Det viktigaste for elevane i vidaregåande er at dei får ei grundig standpunktvurdering og vitnemål, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Frå før av er alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule og alle eksamenar på ungdomstrinnet avlyste. No avlyser regjeringa òg alle ikkje-skriftlege eleveksamenar i vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunnskapsdepartementet understrekar i pressemeldinga at avlysinga er i tråd med råda frå fylkeskommunane, som har vore tydelege på at mange fylke ikkje vil greia å gjennomføra både eleveksamen og privatisteksamen. Dei har verken lokale eller eksamensvakter til å gjera begge delar parallelt.

Kunnskapsministeren seier at hovudgrunnen til at dei avlyser dei ikkje-skriftlege, er å leggje betre til rette for gjennomføring av privatisteksamen denne våren.

– Eg er veldig glad for at det er brei semje blant fylkeskommunane om å strekkja seg langt for å gjennomføre privatisteksamen. Det viktigaste for meg akkurat no, er at vi får gjennomført privatisteksamen, slik at privatistane ikkje hamnar bakpå i utdanninga, seier Melby.

Fakta om eksamenar i vidaregåande skule

* Regjeringa har vedteke at alle munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar i vidaregåande skule blir avlyste våren 2020.

* Alt i alt er 44.000 elevar trekte ut til munnleg eksamen og 26.000 til munnleg-praktisk eksamen. I tillegg er 22.000 oppmelde til praktisk eksamen.

* Frå før er alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skular og alle eksamenar på ungdomstrinnet avlyste.

* Fag- og sveineprøver for lærlingar skal derimot gjennomførast så normalt som mogleg.