Sjeldan: Det er sjeldan å sjå så stor auke i fyllingsgrada i sørlege Noreg seinhaustes. (Illustrasjonsfoto)

Mykje nedbør gir gledeleg hopp for fyllingsgraden. Slik slår det ut på straumprisen

I førre veke auka magasinfyllinga i sørlege Noreg med 3,4 prosentpoeng. Det er sjeldan kost på denne tida av året.

Samla sett har fyllingsgraden i vassmagasina i dette området auka med 17,3 prosentpoeng dei siste seks vekene, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og påpeikar at det er sjeldan å sjå så stor auke i fyllingsgrada i sørlege Noreg seinhaustes.

Fleire faktorar bidreg til at pilene peikar rett veg med tanke på straumprisen. Det varme vêret har medført lågare kraftforbruk. Samtidig var kraftproduksjonen høgare enn forbruket, og det førte til nettoeksport ut av sørlege Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftprisane gjekk ytterlegare ned førre veke. I sørlege Noreg var vekeprisen 76 øre/kWh, ein nedgang på 30 prosent frå veka før. Det er over eitt år sidan prisane var på same nivå.