Fyrte opp bål: Nokre ungdomar skal ha laga bål i Kuvågen barnehage fredag kveld.

Naboar og politi sløkte bål i barnehagen

Politiet minner om at det er stor skogbrannfare og ber folk vera forsiktige.

Fredag kveld litt før klokka 22, fekk politiet melding om at nokre ungdomar hadde laga eit bål i Kuvågen Barnehage.

Då dei kom til staden var ungdomane borte, og politiet greidde ikkje å finna dei att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med nokre naboar fekk politiet sløkt bålet.

— Det kan vera greit å melda om at det er stor skogbrannfare, på gult nivå, og at folk må vera forsiktige, seier politibetjent Kjetil Hansen.