Politiet fekk melding om butikktjuveri på Coop-en i dag.
Politiet fekk melding om butikktjuveri på Coop-en i dag.

Nasking på coop-en

Politiet kom til staden, men då hadde kvinna forlate butikklokalet.

Tysdag morgon svarte politiet på ei melding frå Coop Prix. Beskjeden gjekk ut på at ei kvinne hadde naska i butikken, og ei rutinemessig politimelding vart skriven. Men før politiet rakk å koma til staden, var kvinna gått derifrå.

Helserelatert på Osøyro terminal

Blålysetatane var kort tid etter i sving på eit helserelatert oppdrag på Osøyro terminal. Ein person hadde fått eit illebefinnande og vart køyrt frå staden i ambulanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no