Klokka skal altså skruast to gonger i året, men veit du kva tid du skal skru fram og kva tid du skal skru tilbake?
Klokka skal altså skruast to gonger i året, men veit du kva tid du skal skru fram og kva tid du skal skru tilbake?

Natt til søndag må du skru klokka

Dei som har smarttelefon slepp kanskje tenkja på det, men dei som har armbandsur eller klokke på veggen, må skru på ho i helga. Veit du kva veg?

Sommartid i Noreg startar søndag 25. mars, og sluttar søndag 28. oktober. Sommartida i Noreg varer 31 veker, til saman 217 dagar. Resten av året følgjer vi normaltid.

Fram eller tilbake

Klokka skal altså skruast to gonger i året, men veit du kva tid du skal skru fram og kva tid du skal skru tilbake? Vi stiller klokka ein time fram om våren, og ein time tilbake om hausten. Ein huskeregel for korleis vi stiller klokka for sommartid er at ein tek fram grillen om våren, og set han tilbake om hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du nokre gode huskereglar?