Ulukke: N/A

Krasj i lyktestolpe førte til straumbrot

Bebuarane på Bø mista straumen etter ei bilulukke.

Ulukka skjedde på Fv552.

Klokka 15.18 melder Vest politidistrikt på X at bebuarane i området kring Bø har mista straumen.

Dette skjedde etter at ein bil like før klokka 14 sklei av vegen og trefte ein lyktestolpe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulukka skjedde på Fv552 på Bø, mellom Osøyro og Hatvik.

Både brannvesen, politi og ambulanse kom til staden. Det var berre ein person i bilen, ein mann i 60-åra. Han vart sett til av helsepersonell, men det er ikkje snakk om personskade.

Det skal ha vore ein tilfeldig forbikøyrande sjukepleiar som var fyrste person som kom til staden etter ulukka, fortel politiets operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad.

Heile fronten på bilen skal vera knust.

Kva gjeld bilen er det store materielle skader. Mellom anna er fronten knust.

— Ja, han er ikkje køyrbar og det må nok bilberging til.

— Er det glatt på staden?

— Det veit eg ikkje, men i og med at bilen har «sklidd» inn i lyktestolpen så kan det jo tyda på det.

Gult farevarsel

Det er sendt ut gult farevarsel for is for store delar av Vestlandet julaftan føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av overgang til mildvêr, er det fare for regn som frys på kald bakke og lokalt frysande regn, som kan skapa vanskelege køyreforhold. Overgangen til mildvêr vil fyrst skje i sør og problemet vil vara lengst i indre strøk av Rogaland

Isen kan vera vanskeleg å sjå.