Har slått alarm: Nærbutikkar frå fleire kjeder har slått alarm om høge straumprisar.

Naudropet frå nærbutikkar: Førebels ingen ekstramidlar frå regjeringa

Frp fryktar butikkdød i distriktsnoreg etter at over 80 nærbutikkar har sendt ut naudrop. Førebels kjem det ikkje ekstra midlar frå regjeringa.

– No må det skje noko raskt, seier Frps Helge André Njåstad.

I spørjetimen på Stortinget onsdag, kritiserte han kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) for ikkje gjera meir for nærbutikkane, som slit med høge straumrekningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre i heimkommunen min Austevoll er det éin butikk som har lagt ned på grunn av straumprisane, og det er fleire andre som slit. Den butikken som tok først kontakt med meg, i Bakkasund, fortel at dei hadde straumrekningar på 12.000 kroner før. No er det 60.000 kroner, seier Njåstad.

Les også
70 nærbutikkar går saman i straumopprør: — Viss vi slår oss saman og brøler, kan det henda at nokon vaknar opp
Les også
Fekk 174.000 i straumrekning: Fnyser av regjeringas straumstøtteordning

Naudrop frå nærbutikkar

Sist veke sende over 80 nærbutikkar ut eit kraftig naudrop. Mange av dei hevdar å nærme seg randa av konkurs. Det er snakk om butikkar frå kjedene Nærbutikken, Matkroken, Snarkjøp, Joker og Coop Marked i heile Sør-Noreg. Butikkane viser til at dei vart definerte som samfunnskritiske under pandemien.

– Utan daglegvarebutikken stoppar bygdenoreg, skriv dei i naudropet.

Les også
Straumrekninga er firedobla: Trugar butikkens eksistens

Distriktsministeren svarer at regjeringa allereie har lansert ei nasjonal støtteordning for næringslivet for å hjelpe bedrifter som slit med høge straumutgifter.

– Samtidig følgjer vi situasjonen tett og vurderer løpande behovet for nye tiltak, seier Gjelsvik.

Ikkje imponert: Frps Helge André Njåstad er ikkje imponert over regjeringas innsats overfor nærbutikkane.

Frp etterlyser handling

Njåstad er forundra over at partiet til distrikta, Senterpartiet, ikkje gjer meir for nærbutikkane.

– Det er litt rart. Går vi eitt år tilbake, så var Senterpartiet veldig opptekne av distriktsnoreg. Dei var bekymra for alt. Og no står vi her etter at Sp kom i regjering, og det er Framstegspartiet som er opptekne av butikkdød i distrikta. Det er vi som åtvarar om dette, seier Njåstad.

Han meiner regjeringa bør løyva meir pengar til Merkur-programmet, som allereie deler ut støtte til nærbutikkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Straumstøtteordninga var for dårleg, men Merkur-ordninga er eit verktøy ein kan bruka, seier han.

Sjølv om kommunal- og distriktsministeren ikkje har pengar å løyva no, ser han ikkje bort frå at det kan koma noko i framtida.

– Det godt vera at det er behov for både forsterka og nye tiltak, utover det vi så langt har lansert. Det vil vi i så fall komme tilbake til, seier Gjelsvik.

Måtte svara: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (t.h.) måtte svare for seg i Stortinget onsdag. Her saman med finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).