NAV får nye lokale på Osøyro. Innflytting er planlagt kring årsskiftet 2022/2023.

NAV får nye lokale på Osøyro

NAV Vestland og Bjørnafjorden kommune har tildelt Os næringspark AS leigekontrakten for NAV Bjørnafjorden sine kontor på Osøyro.

Dermed står NAV framføre ein flytteprosess.

Konkurransen om å tilby ny leigekontrakt for lokaler til NAV Bjørnafjorden vart kunngjort i veke 23/24 2021. To tilbydarar meldte seg, ifølgje ei pressemelding frå NAV.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arealet som skal leigast måtte vera om lag 1.000 kvadratmeter og tilpassast NAV sine behov for publikumsareal, kontor, kurslokale, støtterom og tilhøyrande fasilitetar.

– Vi fekk etter forhandlingar inn to endelege tilbod som begge tilfredsstilte krava som vart stilte i tilbodsførespurnaden. Etter ei nøye vurdering endte gruppa som har arbeidd med tilboda opp med å tilrå leiinga i Nav Vestland og Bjørnafjorden kommune å inngå leigeavtale med Os Næringspark AS. Tilbydarane og dei tilsette ved NAV vart orientert om avgjerda i dag føremiddag (fredag), seier kommunedirektør Christian F. Fotland i pressemeldinga.

Leigeavtalen er på 10 år med opsjon på ytterlegare 2 x 5 år. Innflytting er planlagt kring årsskiftet 2022/2023.

– No skal det køyrast ein prosess saman med dei tilsette, tillitsvalde og verneombod for å teikna ut det endelege romprogrammet, går det fram av pressemeldinga.

Desse kriteria vart lagt til grunn

Tildelingskriteria som vart lagt til grunn (frå konkurransegrunnlaget):

Tildelinga skjer på grunnlag av kva tilbod som totalt sett er det økonomisk mest fordelaktige, basert på følgjande kriterium:

1. Totalkostnad. Deriblant leige, felleskostnader, driftskostnader og økonomiske konsekvensar av eventuelle endringar i oppdragsgivar sin leigekontrakt som kan prisast.

2. Kor eigna lokalet er. Deriblant plassering, tilgang til offentlig kommunikasjon, innflytningsdato, energiklasse, arealutforming og eventuelle avvik frå kravspesifikasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kriteriet om kor eigna lokalet er veg tyngre enn totalkostnad.