Alt tilgjengeleg brøytemannskap er i sving i Os.
Alt tilgjengeleg brøytemannskap er i sving i Os.

– Nei, vi har ikkje teke ferie

Teknisk vakt i Os, Robert Flister, seier at heile brøytemannskapet er ute på vegane.

– Eg ser at fleire skriv på Facebook at det er dårleg brøyta. Har de teke ferie?

– Nei, det har vi ikkje. Det er ingen som har ferie her. Alle mann er ute. Det er berre det at det snør igjen med ein gong vi har brøyta. Vi må berre stå i det, seier Flister og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ser ut som at osingane er flinke til å ta omsyn til forholda. Det er ingen meldingar om problem i trafikken i alle fall.

Roleg i Fusa

Teknisk vakt i Fusa, Øystein Havsgård, fortel at det har kome relativt lite snø i Fusa.

– Det har berre kome nokre få centimeter med snø på Leiro. I høgda har det nok kome litt meir. Det er nok lokale snøbyer, seier Havsgård.

På Storm.no melder dei at det skal halda fram med å snø fram til om lag klokka 12.00. Det same melder dei på Yr.no, men dei melder om mindre snø.