El-syklar på veg: Snart kan Arne-Richard Stadaas og andre kommunetilsette byta frå vanleg til el-sykkel. Syklane vil også vera til bruk for innbyggjarar og turistar.

Neste veke kjem det 17 nye el-syklar til kommunen

Onsdag får Bjørnafjorden kommune 17 nye el-syklar som både innbyggjarar, tilsette og turistar kan nytta seg av.

Fire av syklane vil ha tilhald ved turistkontoret i Os hamn. Her kan dei som bur i Bjørnafjorden kommune låne syklane gratis. Tilreisande og turistar må finna seg i å betala ein symbolsk sum, opplyser kommunen.

Resten av el-syklane blir fordelte mellom ulike kommunale tenestestader: rådhuset, Oseana kunst- og kultursenter, Osbadet, Kuhnletunet dagsenter, tekniske tenester i Kolskogen, heimetenestene, Os brannstasjon, NAV og Kommunetunet i Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– El-syklane gir dei kommunalt tilsette eit reelt alternativ til bilen på korte distansar, og kuttar ned på unødvendig bilkøyring mellom dei ulike tenestestadene i arbeidstida. Målet er både redusert klimagassutslepp og betre helse, seier prosjektansvarleg i Bjørnafjorden kommune, Arne-Richard Stadaas.

Ved kvar tenestestad er det ein sykkelansvarleg person, som skal hjelpa kollegaane med det dei måtta lura på.

- Du må berre hugsa å bruka hjelm og å låsa sykkelen når han ikkje er i bruk. Alle må sjølvsagt òg hugsa på trafikkreglane og vera merksame i trafikken. Med fleire el-syklar i trafikkbiletet håpar vi å synleggjera kor geniale el-syklar er: Effektive, morosame og rask transport utan for mykje arbeid, sjølv i motbakkar. Og i tillegg kjem bonusen med auka styrke og betre helse, seier Stadaas.

Syklane er kjøpte inn med 150.000 kroner i tilskot frå Miljødirektoratet, og 155.000 frå kommunen sitt klima- og miljøfond.

Onsdag blir el-syklane leverte til Bjørnafjorden kommune ved ordførar Trine Lindborg (Ap).