Vaksinering: Begge foreldra må samtykka før borna i alderen 12 til 15 år kan få vaksine.

Neste veke startar vaksineringa av dei mellom 12 og 15 år i Bjørnafjorden

Vaksineringa av dei ned til 12 år startar frå og med neste veke. Ein del restriksjonar blir viktige.

I tråd med FHIs tilråding er det berre éin enkelt vaksinedose det er snakk om. Vaksinen blir av merke Pfizer.

— Erfaring frå andre land viser at born og unge responderer godt på berre éin vaksine. Dei har betre immunrespons enn vaksne, så inntil vidare er det, her til lands, berre snakk om éin dose med vaksine for dei mellom 12 og 15 år, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må ha følgje

Det er framleis tidleg i planlegginga av vaksineringa av denne aldersgruppa, men prosessen er i gang.

— Me reknar med å senda ut SMS til foreldre og føresette til born og unge i denne aldersgruppa ganske snart. Då må dei sjølve bestilla time, seier Melf.

— Blir heile skuleklassar kalla inn om gongen?

— Nei, me tenkjer at dette må skje på anna vis. Først og fremst fordi det er så mange skular og klassar som blir involverte, men også fordi borna må ha følgje med ein forelder eller ein annan føresett når dei skal vaksinera seg, seier Melf.

Han legg til at begge foreldra må samtykka til vaksineringa.

Kva dag vaksineringa blir, er framleis ikkje klart, men det vil bli aktuelt med ettermiddags- og kveldsvaksinering for at det skal bli enklare for foreldra å følgja borna sine.