- Skadepotensialet i buss er enormt om det skulle skje ei ulukke, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen. Her frå Belte i buss-kampanjen tidlegare i år der elefanten gjennomgangsfiguren. (Arkivfoto)
- Skadepotensialet i buss er enormt om det skulle skje ei ulukke, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen. Her frå Belte i buss-kampanjen tidlegare i år der elefanten gjennomgangsfiguren. (Arkivfoto)

No blir det 1.500 kroner i gebyr

Statens vegvesen kontrollerer no beltebruk i bussar over heile landet. Gløymer du beltet kan det kosta deg 1.500 kroner i gebyr.

I vinter kontrollerte Statens vegvesen 16.300 busspassasjerar for beltebruk. 3.600 passasjerar sat usikra. Statens vegvesen trur mørketala er store.

- Utan belte er du til fare for deg sjølv og dei du reiser saman med om det skulle skje ei ulukke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne veka vil dei gjennomføra kontrollar av klasse 3-busssr i alle tre vestlandsfylka.

- Vårt hovudfokus vil vera å informera og auka bevisstheita om kor viktig det er å bruka bilbelte også på bussen, seier Bøe.

Ho refererer til tal som viser at berre ein av to oppgir at dei hugsar beltet i bussar med belte. Samtidig er heile 87 prosent klar over at det er påbode å bruka belte i buss når det er montert.

- Skadepotensialet i buss er enormt om det skulle skje ei ulukke. I ein kollisjon er det sterke krefter som blir sett i sving. Beltet held passasjerane på plass i setet. Det kan redda liv, seier Bøe.

Åtte menneske vart drepne i bussulukker i tidsrommet 2014 til 2015. Fleire av dei omkomne kunne ha redda livet om beltet var på.

Men ikkje alle bussar har belte.

Det finst fleire ulike busstypar, ifølgje Bøe, og ikkje alle har krav til belte. Busstypar uten krav til belte og med ståplassar, er meint for lågare fart og med hyppige av- og påstigingar.

- At ikkje alle bussar har belte kan ikkje hindra oss frå å fortelja kor viktig det er å hugsa beltet når du har det tilgjengeleg. Dei mest alvorlege bussulukkene vi har hatt i Noreg har vore i bussar der det har vore belte, men der dei dessverre ikkje var i bruk, påpeikar Bøe.