Tilpassing: Lokalet vert i desse dagar tilpassa den nye leigetakaren.

Har fått inn nye leigetakarar i dei gamle Duga-lokala

Byggeigar Espen Aspenes har fått på plass nye leigetakarar i lokala i Brugata 6.

Nykomaren i bygget er ikkje ny i Os sentrum. Aspenes opplyser at det er barbersalongen K-StarBarber, som i dag held til i Bjørne-/Handlegården ved sida av NAV, som finn vegen til Brugata 6.

Flyttar: Det er Amgad Fayoumi og hans K-StarBarber som flyttar inn i Brugata 6.
Les også
Barberaren har utvida staben etter flott start på Osøyro

— Me jobbar med tilpassing av lokalet. Det nye lokalet skal vera klart innan 1. november, seier Aspenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye naboar: TiniBarn og Strikkebutikken får nye naboar.