Alle: I løpet av kort tid vil BIR tilby henting av matavfall frå alle husstandar i Bjørnafjorden kommune.

No er turen komen til Fusa-sida av kommunen

Ordninga er inkludert i renovasjonsgebyret.

I løpet av kort tid vil BIR tilby henting av matavfall frå alle husstandar i Bjørnafjorden kommune. No er turen komen til Fusa-sida.

Huseigarar vil før jul motta ein SMS frå BIR med lenke til eit bestillingsskjema for spann. Det er ikkje mogleg å bestilla før du har fått denne SMS-en, opplyser kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utrullinga av spann på Fusa-sida skjer over nyttår.

– Tilbodet om matavfallsspann gjeld i første omgang registrerte huseigarar som allereie har eit vanleg 140 liters restavfallsspann. Dersom du deler avfallsløysing med fleire andre bueiningar, vil BIR kontakta deg på eit seinare tidspunkt, legg kommunen til.