Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg, seier at ein må hugsa på at skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdig utfylt.
Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg, seier at ein må hugsa på at skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdig utfylt.

No kan du sjekka skattemeldinga

I dag er skattemeldinga tilgjengeleg elektronisk i Altinn. Førebelse tal viser at det i Hordaland er 280.712 som har skatt til gode, medan 76.677 skuldar pengar.

Rundt 580 000 vestlendingar ligg an til å få att i gjennomsnitt 12.000 kroner kvar.

− Ein er sjølv ansvarleg for at skattemeldinga er rett. Difor er det er svært viktig at

Artikkelen held fram under annonsen.

ein sjekkar at opplysningane stemmer, at alt er med og at ein får frådraga du har rett på. Hugs at skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdigutfylt, seier avdelingsdirektør Trude Husevåg i Skatteetaten.

Vestlendingane er delt inn i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det er i Hordaland at sum skatt til gode er høgast, med 3,3 milliarder kroner, men det er også i Hordaland at summen restskatt er høgast, med 1,9 milliarder.

På skatteetaten.no finn ein informasjon om skattemeldinga, ulike vegvisarar og digitale kalkulatorar som er til hjelp for å finna ut kva frådrag ein kan ha rett på. 

Her ser ein førebels utrekna skatt til gode og restskatt for skatt vest.
Her ser ein førebels utrekna skatt til gode og restskatt for skatt vest.

− Ikkje betal for mykje skatt. Det kan vere at ein oppdagar frådrag som manglar. Legg dei inn, så kan det redusere restskatten eller gje meir til gode på skatten, seier Husevåg