Lyn: Meteorologisk institutt melder om lyn i store deler av Sør-Norge.

No kjem uveret. Har sendt ut farevarsel for lyn

Det er meldt gult farevarsel for lyn, tore og styrtregn fleire stader i Sør-Noreg.

Mange stader i Sør-Noreg har nytt ei helg med strålande sol og finvêr. Måndag er det likevel meldt fare for lyn for Sørlandet, Vestlandet og Austlandet, melder Meteorologisk institutt på Twitter.

– Varselet gjeld for Rogaland, Hordaland, Oslo, Viken og Vestfold og Telemark, fortel meteorolog Ingvild Villa til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at varselet gjeld frå og med ettermiddagen innover i landet, men at det allereie har starta på kysten på Sørlandet.

I tillegg blir det meldt om styrtregn i delar av Vestland, Rogaland og Agder.

Meteorologane tilrår at ein held seg oppdatert om vêrutviklinga, koplar ut elektriske apparat, søkjer ly, ikkje badar og unngår store sletter og tre.

Torevêret kan også føra med seg kraftige vindkast.

På sine sider kjem Røde Kors med ytterlegare tips til korleis ein kan unngå å bli ramma av lynnedslag.

* Unngå gjenstandar som kan leia straum. Dette kan vera metallgjerde, paraplyar, fiskestenger eller golfkøller.

* Søk ly i ein bil. Dersom ein ikkje kan søkje ly i eit solid bygg, kan ein bil med tak av metall gi eit visst vern.

* Minimera kontaktflata. Dersom hår byrjar å reise seg på kroppen, kan det tyde på høg elektrisk ladning i lufta. Då kan lyn slå ned i nærleiken din. Varsle 113 og gi beskjed om at du fryktar å bli ramma av lyn. Gjer deg så liten som mogleg, på det lågaste punktet i terrenget. Sett deg på huk og hald rundt knea og bøyg hovudet ned.