Burnarane let seg ikkje stoppa av den store porten, eller steinar på fleire tonn. Dei gjer alt dei kan for å nå parkeringsplassen for å burna.
Burnarane let seg ikkje stoppa av den store porten, eller steinar på fleire tonn. Dei gjer alt dei kan for å nå parkeringsplassen for å burna.

- No må hærverket ta slutt

Burnarar nyttar kreative metodar for å koma seg inn på asfalten ved Lidl-bygget. I prosessen har dei øydelagt ein port til om lag 200.000 kroner.

- Det verkar som at nokon ser på eigendomen som "ingenmannsland", og tek det i bruk til diverse aktivitetar, særskilt motoriserte, seier rådgjevar for bygget, Frode Jørgensen og legg til:

- No skal me leiga ut store utareal til brakkerigging/bustadrigging for Veidekke som skal byggja E39 til Rådalen. I tillegg har me ein del interessentar som vurderer å leige delar av lageret. No må bråket stoppast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinningskriminelle?

Reitan Eiendom kjøpte bygget i 2008/09 i forbindelse med oppkjøp av Lidls butikkar i Noreg. Siden den gang har lageret stått tomt, og det er kontinuerleg gjort forsøk på utleige eller sal. Storleiken har gjort eit sal utfordrande, men det er tydelegvis folk som liker seg på den massive tomta.

- Det har vore ein del hærverk. Noko er det slutt på, men ikkje alt, seier Jørgensen.

Det er lenge sidan hærverk på utsida og innsida av bygget var eit problem. Det blei laga dører inne i bygget, og alle luker og portar vart skalka. Men uvedkomne lét seg ikkje stoppa av det.

Slik ser asfalten ut no. Porten til høgre i biletet har blitt herja med i fleire år, og er i dag øydelagt. Tekninsk rådgjevar for bygget, Frode Jørgensen, reknar med det vil kosta om lag 200.000 kroner med ein ny port.
Slik ser asfalten ut no. Porten til høgre i biletet har blitt herja med i fleire år, og er i dag øydelagt. Tekninsk rådgjevar for bygget, Frode Jørgensen, reknar med det vil kosta om lag 200.000 kroner med ein ny port.
Hærverket inne i bygget har ikkje vore eit tema på ei stund. Men tidlegare vart alt av dører og luker brotne opp.
Hærverket inne i bygget har ikkje vore eit tema på ei stund. Men tidlegare vart alt av dører og luker brotne opp.

- Dei reiv ned, og braut seg inn. Eg trur det stoppa då dei fann ut at det ikkje var noko å stela med seg, at bygget berre var eit skall. Personleg trur eg det var vinningskriminelle omstreifarar, men eg veit jo ikkje, seier Jørgensen.

Ruteknusing

Ruteknusing var også eit problem. 13 vindu vart knust over ein kort periode. Det vart oppretta kontakt med politiet, som berre ville godta melding av hendinga om heile styret skreiv under, ein prosedyre eigarane meiner må vera feil.

- Me rekna ikkje med at saka kom til å bli løyst, så me lét vera å gå vidare med det den gong, seier Jørgensen.

På kveldstid og i helga

I 2010 blei det asfaltert rundt inngangspartiet, og montert ein elektrisk driven skyveport for å forhindra motorisert adgang til området. Porten har ikkje stått i fred sidan. I asfalten kan ein sjå haugevis av spor etter burning. Jørgensen mistenkjer at dei som driver den "rånete, motoriserte aktiviteten", som han kaller det, eller burninga, er dei som står bak alt hærverk med porten.

- Det er vanskeleg å bevisa, men det er ein naturleg tanke. Dette skjer på kveldstid og i helgane, seier Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreative kjeltringar

Skyveporten har verkeleg fått gjennomgå dei siste åra. Ved eit tilfelle har nokon tatt med seg vinkelsliper, eller noko liknande, og kutta vekk ein del av porten for å koma seg inn og opna frå innsida. Over to tonns tunge steinblokkar har heller ikkje stoppa burnarane frå å koma seg inn.

- Medan porten var øydelagt, stengde me med desse steinane. Dei har dei taua vekk ved å festa kjettingar kring dei, seier Jørgensen.

Det er blitt installert sensorar og opning av port ved hjelp av telefonoppringing, men det har heller ikkje stoppa innbrot. Det siste påfunnet til kjeltringane er å fjerna ein seks meter lang tannstang, som eit tannhjul bruker for å trekkja opp porten.

- Dei har skrudd av 20-30 skruar av portens botnramme, for å kunne trekkja porten opp manuelt, seier Jørgensen.

Innstallerer overvåkingssystem

Noko av det merkelegaste er at adgang forbode-skilt vert stole regelmessig.

- Trur du at det er nokon som samlar på skilt?

- Nei, det trur eg ikkje. Det er vanskeleg å svara på kvifor nokon vil stela desse skilta. Det er ikkje slik at me finn dei att på plassen her. Dei tek dei med seg. Dette skiltet har hengt i ei veke. Det forrige hang berre ein dag, seier Jørgensen.

No har dei sleppt opp for idear om korleis dei skal stoppa innbrot, og porten står open. Dessutan er porten øydelagt etter all herjinga. Men det betyr ikkje at dei har gitt opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har vektarar som sjekkar området. Det vil også bli innstallert overvåkingssystem i forbindelse med brakke/bustadrigginga, seier Jørgensen og held fram:

- Me håpar at ungdom, foreldre, og skular les dette, og vil motivera til at området får vera i fred. Dei som skal ha dette til sin heim dei neste åra må få ro til å kvila etter lange og tunge arbeidsdagar. Me har som sagt også nokre potensielle leigetakarar på gang. Også difor er det viktig at den uønska aktiviteten tek slutt.