No opnar symjehallane igjen

Dagleg leiar for Os Idrettspark, Torbjørg Brattabø, kan opna dørene att frå fredag morgon.

Nye koronareglar gjer at du frå fredag av kan ta deg ein tur i bassenget.

I Os opnar Osbadet med vanlege opningstider frå og med i morgon, fredag 16. april.

På Fusa-sida av fjorden, opnar Fusa symjehall for publikumsbading laurdag 17. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.