Luftkvaliteten inne på Os ungdomsskule er av varierande kvalitet. Kommunestyret kom med ei lita julegåve til skulen i årets siste møte.
Luftkvaliteten inne på Os ungdomsskule er av varierande kvalitet. Kommunestyret kom med ei lita julegåve til skulen i årets siste møte.

No skal innelufta bli god

Prosjektavdelinga tok utfordringa frå Os ungdomsskule på strak arm, og startar feilsøking på ventilasjonsanlegget så snart råd er.

Innelufta ved Os ungdomsskule er av vekslande kvalitet. Gisle Hesjedal sendespørsmål inn til kommunestyret om dette, der han mellom anna lurte på korleis Os kommune kan sikra at elevar og tilsette ved skulen har eit forsvarleg inneklima.

Vil ha full gjennomgang

I svaret frå prosjektavdelinga gjekk det fram at dei ville gripa fatt i problemet straks.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dagens pumpe slit i kuldeperiodar. Det er bestilt ei større pumpe på varmedistribusjon som toler vintersituasjon med stor belastning og auka behov for varmetransport. Ein ventar at denne pumpa vil vera levert og montert i januar, heitte det frå Tor Inge Døsen.

I tillegg vil ventilasjons-entreprenøren kontrollera moglege luftlekkasjar i kanalnettet, og kommunen vil sikra at dette blir dobbeltsjekka av ein uavhengig entreprenør.

Godt under smertegrensa

Det vart likevel understreka at det ikkje var mål uakseptabelt høge konsentrasjonar av CO2 i lufta. Nivået gjennom skuledagen ligg på mellom 400-600 ppm, medan øre akseptable grenseverdi ligg på 1000 ppm.

- Dersom det skulle bli avdekka at ventilasjonsanlegget ikkje leverer tilstrekkelig luftmengd til alle klasserom, vil prosjektavdelinga vurdera å ettermontera nokre separate klasseromsaggregat - på same vis som er gjort i andre skular dei seinare åra. Dei siste åra er det også utvikla meir støysvake romaggregat som høver optimalt for klasseroms-situasjon, heitte det vidare.

Arbeid gjort under oppgraderinga

I svaret vart det også forklart kva arbeid som vart gjort då Os ungdomsskule gjennomgjekk ei større rehabilitering i perioden 2012-14.

"Strategien på tekniske anlegg var å behalde tekniske anlegg som ein vurderte som tilfredsstillande reint funksjonsmessig. Elektroanlegget vart fullstendig utskifta, nytt brannalarmanlegg er blitt installert og nytt El-sikra tilgangssystem for dører vart etablert. Den gamle fyrkjelen vart skifta ut med nye varmepumper (luft-vatn system), men den gamle elektro-kjelen er behalden. Dei gamle ventilasjonsanlegga (frå 90-talet) vart vurdert til å vera i tilfredsstillande kondisjon og er ikkje skifta ut, men fordelingsanlegget for luftdistribusjon (kanalanlegget) er skifta ut fullstendig og reetablert i samsvar med ny innreiingsplan".