Politiet er ekstra mykje ute og køyrer no som det på kort tid har vore til saman fire innbrot i Lysefjorden og Os sentrum. Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor ber samtidig folk som skal reisa bort om å gjera avtaler med naboar om å passa på. (Illustrasjonsfoto)
Politiet er ekstra mykje ute og køyrer no som det på kort tid har vore til saman fire innbrot i Lysefjorden og Os sentrum. Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor ber samtidig folk som skal reisa bort om å gjera avtaler med naboar om å passa på. (Illustrasjonsfoto)

Nok eit innbrot i Lysefjorden

På kort tid har det vore tre innbrot i Lysefjord-området, pluss eit i Os sentrum. Politiet er på saka.

Fire bustader i Os har vorte utsette for innbrot seinaste tida.

Siste innbrotet vart meldt til Os lensmannskontor i 15-tida laurdag. Det er uvisst når det har skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har vore på staden og sikra fingeravtrykk og andre bevis, men så langt står vi utan mistenkte, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Han opplyser at politiet i Os har ei eiga gruppe som jobbar med denne og liknande saker, og at dei har eit tett og nært samarbeid med Fana lensmannskontor der dei har same situasjon.

Ønskjer tips

Dette var tredje innbrotet i Lysefjorden på kort tid. I tillegg var det nyleg eitt i Midtskogvegen.

- Det er flott om folk melder frå dersom dei har tips til oss i desse sakene, seier Hadler-Olsen.

- Har de nokre råd å koma med til folk i samband med at det har vore fleire innbrot på kort tid?

- Mest slike generelle råd som å passa på å låsa og gjera avtale med naboar som kan passa ekstra på om ein reiser bort. I tillegg kan det vera lurt å tenkja over kva ein kan gjera for å få det til å sjå ut som om det er folk heime.

Han minner også om postkassen som bør tømmast så han ikkje blir eit tydeleg signal om at huseigaren er bortreist.

- Samtidig så veit vi ikkje kva slags taktikk dei bruker, og vi kan ikkje utelukka at dei rett og slett ringjer på dører og tek seg inn der dei ikkje får svar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unngjekk slåstkamp

Politiet måtte rykkja ut til ein situasjon med to vaksne menn som var aggressive mot kvarandre i firetida natt til søndag. Det var ved Esso-stasjonen i Os sentrum at dei to rauk uklare.

- Vi sørga for å skilja dei to og senda dei kvar sin veg, slik at det ikkje utvikla seg til slåstkamp, seier Hadler-Olsen.

Uhell på glatta

Lensmannskontoret vart varsla om to trafikkuhell på grunn av glatt vegbane under snøveret søndag.

Først køyrde ein bil av vegen i Hegglandsdalen søndag ettermiddag.

- Bilen hamna i grøfta, men det var ingen personskade og han kom seg opp att sjølv, fortel Hadler-Olsen.

Nokre timar seinare krasja to bilar i krysset mellom Lyseklostervegen og Ulvensletta.

- Heller ikkje her var det noko personskade, og dei to fylte ut skademelding og ordna opp seg i mellom, seier Hadler-Olsen.