Ulike produkt: Mattilsynet har styrkt mistanken til hamburgar som smittekjelda for et utbrot av E. coli(EHEC)-infeksjon. Nordfjord Kjøtt trekkjer tilbake fleire ulike produkt laga av den same råvara.

Nordfjord trekkjer endå eit kjøttprodukt etter mistanke om E. coli

Fredag trekte Nordfjord tilbake ei rekkje produkt etter mistanke om E.coli. Laurdag er endå eitt produkt lagt til på lista.

Nordfjord trekkjer fleire produkt frå marknaden på grunn av E. coli-mistanke. Ifølgje Mattilsynet ser vi no det største utbrotet av bakterien sidan 2006.

Det skriv produsenten sjølv i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førre veke vart eit parti med hamburgarar trekte frå marknaden etter at det var påvist E. coli i partiet. Delar av råstoffet som er brukt i dette produktet, er også brukt i fleire andre produkt.

– Med utgangspunkt i eit føre-var-prinsipp kallar vi no også tilbake alle andre produkt som kan innehalde delar av dette råstoffet. Alle forbrukarar som har produkt med desse "best før"-datoane heime i frysaren, blir bedne om å kaste dei, skriv Nordfjord.

Dei som ønskjer refusjon, kan gå tilbake til butikken der vara er kjøpt.

Produktet som vart trekt laurdag, er kjøttdeigsnabb merkt med siste forbruksdag 13.06.24.

Påvist hos 17 personar

Mattilsynet skriv i pressemelding at det til no har vorte påvist smitte hos 17 personar med bakterien E. coli O26. Dette er eit av dei største utbrota i sitt slag i Noreg sidan 2006.

– Mattilsynet held fram med ytterlegare sporing. Det kan ikkje avvisast at andre produkt også vil bli trekte tilbake, seier seniorrådgivar Catherine Signe Svindland.

Ho fortel vidare at dei alltid tilrår at hamburgarar skal gjennomsteikjast for at dei skal vera trygge.

Kan føra til akutt nyresvikt

Folkehelseinstituttet skriv på nettsidene sine at mistanken til hamburgarar som årsak til det nasjonale utbrotet av mage-tarm-bakterien EHEC er styrkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei understrekar også at frysing ikkje tek knekken på bakterien og ber alle om gjennomsteikje hamburgarar, kjøttdeig, kjøttkaker og andre deigprodukt, uavhengig av om dei har vore frosne eller ikkje.

– Det er også viktig å passa på god kjøkkenhygiene både når du handterer ferske og frosne kjøttprodukt, og å vaske seg godt på hendene etter handtering. Dette kan førebyggja EHEC-infeksjon og andre bakteriar som kan gi sjukdom frå mat, seier overlege Silje Lavoll.

EHEC-bakteriar kan gi ulik sjukdomsutvikling og alvorsgrad. Det kan variera frå ingen symptom eller ukomplisert diaré til alvorlege tilfelle av blodig diaré. I visse tilfelle kan EHEC-infeksjon òg gi den alvorlege komplikasjonen hemolytisk uremisk syndrom (HUS), som kan føre til akutt nyresvikt.

Dei ramma produkta er:

* Kjøttdeigsnabb merkt med siste forbruksdag 13.06.24.

* Hamburgar Classic 800g frys, med best før dato: 08.03.2024, 09.03.2024, 29.03.2024,30.03.2024, 01.04.2024

* Prima Hamburger rå 1kg frys, med best før dato: 21.01.2024, 25.03.2024, 30.03.2024, 31.03.2024, 06.04.2024

* Hamburgar Trippel Cheese 800g frys, med best før dato: 26.03.2024

* Hamburgar m/bacon 800g frys, med best før dato: 22.01.2024, 05.02.2024

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kjøttdeig 400g Nordfjord, med siste forbruksdag: 21.07.2023

* Karbonadedeig 400g Nordfjord, med siste forbruksdag: 25.03.2023, 26.03.2023, 28.03.2023, 23.07.2023

* Kjøttkakedeig 400g Nordfjord, med siste forbruksdag: 15.05.2023

* Big Beef Bürger Thick and Juicy, med siste forbruksdag: 20.07.2023, 22.07.2023

* Juicy Bürger Cheddar og Jalapeno, med siste forbruksdag: 14.05.2023, 15.07.2023