Overrekking: Her overleverer Anne Rødberg, Anne Grete Bergtun og Hilde Hansen - på vegner av dei fem sanitetsforeiningane - hjartestartaren til Vibeke H. Haugland og Monica Bu Hesthamar.

Nore Neset Arena har fått hjartestartar

Etter opninga av nye Nore Neset Arena i september 2022, sakna idrettslaget ein hjartestartar som det er i mange slike arenaer.

Vibeke H. Haugland som er knyta til arrangementskomiteen saman med Monica Bu Hesthamar, kom med ein idé om å søkja sanitetsforeiningane i Os om støtte til ein hjartestartar. Sanitetsforeiningane er flinke til å støtta diverse lag og foreiningar.

Gleda var stor då Vibeke fekk svar at dette skulle alle sanitetsforeiningane i Os gå saman om å skaffa. Desse foreiningane er Søre Neset, Søre Øyane, Lysefjorden, Os og Nore Neset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nore Neset Folkepark har no til saman tre hjartestartarar, éin i Nore Neset Aktivitetshus, éin ved idrettsbygget ved kunstgrasbanane og éin i Nore Neset Arena.

Nore Neset Folkepark har stor aktivitet for barn og ungdom med blant anna handball- og fotballkampar med mange tilskodarar. I tillegg kjem ulike arrangement i området.

Sentralt plassert: Den ny hjartestartaren er sentralt plassert i vestibylen på Nore Neset Arena.

Tysdag 25. april vart hjartestartaren overrekt av representantar for Søre Neset, Lysekloster og Nore Neset sanitetsforeiningar.

Nore Neset Arena takker for den flotte hjertestartaren.

Nore Neset Arena