Sentralbanksjef Ida Wolden Bache og Noregs Bank hevar styrtingsrenta med 0,25 prosentpoeng. (Arkivfoto)

Hevar styringsrenta med 0,25 prosentpoeng. Varslar nytt hopp i desember

Styringsrenta blir sett opp 0,25 prosentpoeng til 4,25 prosent, kunngjorde Noregs Bank torsdag formiddag.

– Veksten i norsk økonomi har minka, men arbeidsmarknaden er framleis stram. Kostnadene for bedriftene har auka mykje dei siste åra, og det er utsikter til at lønnskostnadene vil auka meir enn tidlegare anslått, skriv Noregs Bank i ei pressemelding.

– Det vil bidra til å halda prisveksten oppe framover. Jo lenger prisveksten held seg oppe, desto større er faren for at han bit seg fast. Då kan det bli meir kostbart å få prisveksten ned igjen seinare. På den andre sida er renta sett opp mykje på kort tid, og pengepolitikken verkar no innstrammande på økonomien. Komiteen ønskjer ikkje å setja opp renta meir enn det som er nødvendig for å få bukt med den høge prisveksten, heiter det vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rentehevinga er i tråd med det økonomane har anslått i forkant.

Noregs Banks eigen prognose frå juni tilsa at rentetoppen truleg blir nådd på 4,25 prosent i september. Sentralbanksjef Ida Wolden Bache kom ikkje med nye prognosar då ho førre månad kunngjorde den så langt siste renteauken, men poengterte at biletet då var omtrent som sentralbanken la til grunn for prognosane to månader tidlegare.

Bache har tidlegare sett opp renta tolv gonger sidan klatringa frå det historiske nullnivået byrja for tre år sidan.

Noregs Bank varslar at dei truleg kjem til å setja opp styringsrenta endå ein gong. Rentehevinga kjem truleg i desember.

DNB Markets meiner at rentenivået i Noreg kjem til å bli liggjande høgt lenge og viser mellom anna til at kronekursen ikkje har falle igjen sidan i sommar, og at inflasjonen ligg lågare enn det Noregs Bank har lagt til grunn så langt.

Sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken er blant økonomane som ikkje har vilja avvise at Noregs Bank ser seg nøydde til å setja opp renta endå ein gong før toppen er nådd. Det er rett nok ikkje det mest sannsynlege scenarioet, men det er opptil 50 prosent sjanse for at det vil skje, meiner han.

– Dei kjem ikkje til å seie at dei planlegg å setje renta til 4,5 prosent, men vi trur Noregs Bank oppjusterer renteprognosen litt, sa han til NTB onsdag.