Bite seg fast: – Dersom vi ikkje hevar renta, kan prisar og lønningar halda fram med å stiga raskt, og inflasjonen bita seg fast.

Noregs Bank set opp styringsrenta 0,5 prosentpoeng

Styringsrenta blir sett opp 0,5 prosentpoeng frå 3,25 til 3,75 prosent, kunngjorde Noregs Bank torsdag. Truleg blir ho sett vidare opp i august.

Prisveksten er klart over målet. Lønnsveksten ser ut til å bli høgare enn i fjor. Aktiviteten er framleis høg og arbeidsmarknaden stram, men presset i norsk økonomi er i ferd med å minke, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet meiner det er behov for ei høgare rente enn tidlegare signalisert for å føre inflasjonen ned til målet. Prisveksten har vore klart høgare enn anslått i førre rapport. Rentene ute har stige meir enn ein har lagt til grunn. Høgare lønnsvekst og ei svakare krone enn tidlegare vil bidra til å løfta prisveksten framover, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom vi ikkje hevar renta, kan prisar og lønningar halda fram med å stiga raskt, og inflasjonen bita seg fast. Då kan det bli meir kostbart å få prisveksten ned igjen, seier Bache.

På førehand var økonomane delte i synet på om renta ville aukast 0,25 eller 0,5 prosentpoeng. Noregs Bank sette opp renta 0,25 prosentpoeng i mai, og varsla samtidig at ho truleg ville aukast meir i juni.