Frøya Kjellevold tok til som lærling då ho var 17 år, og har jobba seks år som røyrleggjar. Jobben fekk ho allereie på arbeidstrening i niande klasse. No jobbar ho i Hagenes AS.
Frøya Kjellevold tok til som lærling då ho var 17 år, og har jobba seks år som røyrleggjar. Jobben fekk ho allereie på arbeidstrening i niande klasse. No jobbar ho i Hagenes AS.

Norges Hyggeligste Håndverker: Frøya er i finalen

Røyrleggjar Frøya Kjellevold (23) frå Os er ein av 21 finalistar i Norges Hyggeligste Håndverker.

Kjellevold tok til som lærling då ho var 17 år, og har jobba seks år som røyrleggjar. Jobben fekk ho allereie på arbeidstrening i niande klasse. No jobbar ho i Hagenes AS.

– Det var eigentleg min far som ville at eg skulle prøva ut røyrleggjaryrket då eg skulle ut i arbeidstrening. Eg søkte hos ei bedrift i Os, og dei var så nøgde at eg fekk eit skriv der det stod at dersom eg ville bli røyrleggjar, kunne eg få lærlingplass hos dei. Også blei det sånn, seier Kjellevold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du stemma på Frøya.

– Surrealistisk

For Kjellevold er det viktig at folk rundt ho har det gøy på jobb. Ho blir i nominasjonstekstane skildra som ein sprudlande gledesspreiar, som alltid stiller opp.

– Viss eg ser nokon på jobb ha ein dårlig dag, vil eg alltid prøva å gjera dei glad. Du kjem ikke langt med å vera sur, seier Kjellevold.

For Kjellevold er premien berre ein bonus, og ho synest det er ei ære å vera nominert.

– Det har ikkje gått opp for meg enno, det er litt surrealistisk, ein slags drøm. Denne konkurransen er viktig for at folk skal sjå at det finst mange hyggelege håndverkarar. Det er viktig for oss håndverkarar også, seier Kjellevold.

Vinnaren vert kåra 14. september under Boligmessen i Telenor Arena.

jostein@osogfusa.no