Forstår ikkje: At han skal måtta betala over 50.000 kroner berre for å søkja om løyve til å byggja altanen på om lag 18 kvadratmeter, har Norvald Kinden vanskeleg for å forstå.

Norvald fekk sjokk: — Å søkja om løyve er nær dobbelt så dyrt som å byggja altanen

Norvald Kinden (64) ønskjer å åtvara “mannen i gata” før dei søkjer kommunen om eit prosjekt dei vil i gang med.

— Dette er mykje pengar for ein pensjonist. Eg meiner dette er urimeleg. Ein stor del av årsaka til at eg seier frå, er at eg vil åtvara andre før dei søkjer kommunen om å gjera noko på eigedomen sin. Om dei får ei slik rekning som dette i posten, så får dei sjokk, seier Kinden.

Les også
Difor kan Kinden risikera å måtta betala 40.000 kr for ein altan han kanskje ikkje får byggja

I samband med at yngstesonen skal i gang med husbygging på nabotomta, forsvinn garasjen dei bruker til biloppstilling i dag. Kinden tenkte at når det likevel var arbeid i gang på nabotomta, så kunne han nytta høve til å få bygd seg ein altan med biloppstillingsplass under.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er ikkje lenge eg har tenkt på dette prosjektet. Berre nokre månader. Heldigvis fann eg ut kva det kostar å søkja, før eg faktisk tok steget og gjorde det, seier Kinden.

Godkjenning frå naboar: Norvald Kinden har snakka med naboar, og dei skal vera positive til prosjektet.

Altanen han vil byggja, er på vel 18 kvadratmeter. Han vil også byta ut det eine vindauget med ei dør, slik at han får tilkomst til altanen.

— Før det første må eg søkja om dispensasjon frå utnyttingsgraden på tomta. Det kostar meg 19.400 kroner. Så må eg søkja om dispensasjon frå krav om avstand til kommunal veg. Det er nye 19.400 kroner. Eg må i tillegg levera inn byggjesøknad for prosjektet, som kjem på 8.900 kroner. For fasadeendringa må eg ut med 4.100 kroner, seier Kinden.

Det blir totalt 51.800 kroner. Sjølve prosjektet reknar Kinden vil koma på kring 30.000 kroner.

— Det å søkja om løyve kostar meg altså nær dobbelt så mykje som sjølve altanen vil kosta. Eg hadde aldri trudd at det skulle bli snakk om slike summar. Det er jævlig kostbart, i alle fall for meg, som er pensjonist, seier Kinden.

Slik vil han ha det: Sivilarkitekt Jan Haaland har laga denne skissa. Norvald ønskjer seg ein altan med biloppstilling under, og han vil byta ut eit vindauge med ei dør på eksisterande hus.

No aner han ikkje kva han skal gjera. Han treng ein stad å ha bilen, og vil helst parkera under tak. Men han våger ikkje senda inn søknaden.

— Kommunen kan ikkje gje meg eit hint om dei trur at søknaden kjem til å gå gjennom. Hadde nokon berre kunna sagt til meg at dette kom til å gå fint, så måtte eg nesten berre gjort det, sjølv om eg meiner det er forferdeleg at det skal kosta så mykje. Eg kan risikera at dei seier nei, og så må eg betala sjølv om eg ikkje får byggja.

Les også
Det er på høg tid nokon stiller spørsmål ved gebyrpolitikken i kommunen

For 25 år sidan bygde Kinden eit tilbygg på huset sitt. Tilbygget ligg nesten heilt på grensa til den kommunale vegen som går forbi eigedomen. Han fekk godkjent søknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg fekk ja, og det kosta meg ikkje éi krone til kommunen. Det er lenge sidan, ja, men eg kan ikkje fatta og begripa kvifor det skal kosta meg over 50.000 kroner å søkja kommunen om løyve til dette prosjektet, seier Kinden.