Ung mann: Sivilt politi stoppa ein ung førar som skal ha køyrd i heile 150 km/t.

NRK: Ungdom køyrde i 150 km/t i den nye tunnelen

Terje Oksnes i UP meiner regjeringa må opna for fotoboksar på nye motorvegar.

Eitt døgn etter opninga av ny E39, melder NRK Vestland i si morgonsending på radio, at sivilt politi har stoppa ein ungdom som skal ha køyrd i 150 km/t i ein av tunnelane.

Fartsgrensa på staden er 100 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

I NRK-intervjuet med NRK ber distriktssjef i UP, Terje Oksnes, regjeringa om å innføra fotoboksar på den nye vegen.

Frps stortingsrepresentant Morten Stordalen, åtvarar derimot regjeringa mot å innføra fotoboksar på nye motorvegar. Han meiner dette vil vera «heilt feil medisin».

— Dette er dei tryggaste vegane. Hittil i år har det ikkje vore nokon dødsulukker på firefelts-vegar, seier han.

Oksnes svarer slik:

— Men om det skjer ei ulukke her med slik hastigheit, så er konsekvensen så stor.

Han legg til at UP vil halda fram med å vera tilstades på den nye motorvegen.