Fare: Stor snøskredfare for fleire regionar, inkludert regionen Voss, som fjella i Eikelandsosen-Hålandsdalen-Holmefjord og Kvamskogen høyrer til.

NVE melder om stor snøskredfare

Stor snøskredfare for fleire regionar, inkludert regionen Voss.

– NVE melder om stor snøskredfare for fleire regionar, inkludert regionen Voss, som fjella i Eikelandsosen-Hålandsdalen-Holmefjord og Kvamskogen høyrer til i på snøskredkartet, opplyser kommunen på heimesidene sine.

Raudt og oransje varsel/faregrad 3 og 4 gjeld frå i dag, onsdag 23. februar, og dei næraste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Våte laussnøskred kan no usetja vegar og busetnad. Slike skred følgjer vanlegvis faste skredløp.

– Dersom du skal ut på tur: Hald deg unna terreng brattare enn 30 grader og utløpssoner under slikt terreng, er oppmodinga.