Fusa kommune aukar festeavgifta med 83,3 prosent i 2017. Dermed er kommunen på nivå med Os, som hadde ei auke i avgifta på over 200 prosent i 2014. Biletet er frå Hålandsdalen kyrkje ein sommardag. (Arkivfoto)
Fusa kommune aukar festeavgifta med 83,3 prosent i 2017. Dermed er kommunen på nivå med Os, som hadde ei auke i avgifta på over 200 prosent i 2014. Biletet er frå Hålandsdalen kyrkje ein sommardag. (Arkivfoto)

Ny auke i festeavgifta

I 2015 gjekk festeavgifta på graver i Fusa opp med 50 prosent. No aukar avgifta på ny, frå 300 til 550 kroner. Men avgifta er fortsatt lågare i Fusa enn i Os.

I alle fall litt. Ut frå prisane som kommunestyra i dei to nabokommunane vedtok i midten av desember, vert festeavgifta for graver i Fusa 550 kroner i 2017 og 560 kroner i Os. I Os er auka på 2,8 prosent. I Fusa 83,3 prosent.

- Dei siste åra har det vore ei målsetting at festeavgifta skal dekkja dei reelle kostnadene vi har med investering og drift av gravplassar, opplyser kyrkjeverje i Fusa, Harald Geir Sæther.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik var det ikkje for tre år sidan. Då betalte fusingane 200 kroner i festeavgift per år, eller 2.000 kroner kvart tiande år.

Då avgifta vart auka med 50 prosent i 2015, varsla Fusa sokneråd ei ny auke i 2017. Soknerådet såg føre seg ei opptrapping til 375 kroner i 2017, og til 450 kroner i 2019.

Sjølvfinansierande

Løysinga vart diskutert i soknerådet sitt møte i haust, men framfor å følgja opptrappingsplanen frå 2015, valte ein å gå inn for ei sjølvfinansierande avgift, det vil seia 550 kroner per år, alt frå 2017.

Kyrkjekontoret har mange oppgåver som skal løysast på kyrkjegardane, samstundes er gravplassane ein viktig stad å minnast sine kjære, heiter det i sakspapira til møtet.

- Arbeidet må kunne gjerast til ein kostnad som verkar akseptabel. Festarane sin økonimi er, som elles i samfunnet, variabel. Storleiken på lommeboka må ikkje vera avgjerande i slike saker, påpeika kyrkjeverja i tilrådinga si.

Reduserer festeperioden

Samstundes med at festeavgifta aukar, vert festeperioden redusert, frå 10 til 5 år. Dermed vert rekninga lågare, men dukkar opp i postkassa hyppigare.

- Med endringane for 2017 har vi same festeperiode som Os, og prisane er om lag dei same, understrekar Sæther.

Hyppigare kontakt med festarane vil dessutan gjera registra til kyrkjekontoret meir oppdaterte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Noko av det vi har teke tak i sidan avgifta vart sett opp sist, er oppfølging av personar som ønskjer å sletta graver. Vi har også fått høve til å følgja opp festarane betre, slik at vi, i større grad enn før, når dei rette personane. Ofte er dei som fell bort, festarar på andre graver. Dette er det eigentleg dødsbuet som skal følgja opp, men det er det dei færraste som veit, seier Sæther.

Når det gjeld vedlikehald, er stoda om lag den same som før. Kyrkjekontoret har prioritert litt større oppgåver dei siste åra, men er framleis avhengig av dugnadsarbeid for at standarden på kyrkjegardane skal verta god.

- I fjor vart det gjennomført dugnadsarbeid på ni av ti kyrkjegarder, seier Sæther og legg til:

- Det er flott at folk stiller opp. Det er mange i kommunen som gjer ein kjempejobb.

Betalar frå dag éin

Alle som døyr får ei såkalla frigrav i heimkommunen sin i 20 år. Det er åra utover dei 20 ein må betala for. I tillegg ønskjer ofte ektefellar eller sambuarar av dei som er gravlagte, å reservera ei grav ved sidan av ektefellen/sambuaren. Desse gravplassane må ein betala for frå dag éin. Det same gjeld gravplassar for folk som har vore busett i ein anna kommune.

Avgifta for reservasjon av grav auka frå 300 til 400 kroner i 2017, eller med 33,3 prosent. For dei som kjem utanbygds frå er auka på 25 prosent, frå 400 til 500 kroner. Årsaka til at auka er lågare i desse tilfella er at ein må betala for 20 år, slik som tidlegare. For urnegraver vert festeavgifta auka med 20 prosent, frå 250 til 300 kroner.

Snitt på 2,5 prosent

I avgiftsbudsjettet elles ser ein at storparten av avgiftene går opp med 2,5 prosent, det vil seia den same pris- og lønsveksten som rådmannen la til grunn i sitt budsjettforslag. Prisen på fysioterapibehandling går opp med mellom 6,8 og 22,9 prosent. I Pleie- og omsorgstenestene er det også nokre avgifter som aukar med meir enn 2,5 prosent, men desse er statleg regulerte.

Nokre avgifter er nye, som til dømes endring av ansvarsrett i byggjesaker (1.250 kroner) og avgift for sal av vin (0,55 kroner per liter), medan andre avgifter vert reduserte. Abonnementsgebyret for avlaup til dømes, går ned med ti prosent, frå 2.993 til 2.694 kroner frå i fjor til i år.