Heilt fersk i jobben: Synnøve Reksten Mowinckel tok til i jobben som dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd i dag.

Ny dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd: – Mentaliteten her er at vi heiar folk fram

Synnøve Reksten Mowinckel (42) er ny dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd.

Reksten Mowinckel starta i jobben i dag.

– Det er ei utruleg spennande stilling. Bjørnafjorden næringsråd er eit ungt næringsråd, så no er det berre å ta sats og hoppa ut i den djupe enden av bassenget, seier den ferske leiaren og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reksten Mowinckel tek over stillinga etter Mette Fagerli. Fagerli har ifølgje etterfølgjaren lagt eit bra fundament for ho å byggja vidare på. Dei neste vekene planlegg 42-åringen å ta kontakt med alle noverande medlemer, og danna seg eit fullverdig bilete av korleis ein ligg an i kommunen.

– Tanken med næringsrådet er å tilretteleggja på best mogleg vis. Det skal vera lett å få kontakt med oss og det skal vera lett å få hjelp. Dersom eg ikkje er rett person å snakka med, så hjelper eg dei som tek kontakt vidare. Det er ei utruleg spennande stilling som truleg vert til litt undervegs, seier Reksten Mowinckel.

Imponert over pågangsmotet

42-åringen har utdanning innan økonomi. Då ho budde i utlandet i 15 år, arbeidde ho med bedriftsreiseliv, hovudsakleg med storkundeforhold. I 2011 flytta ho og familien til Os, og til garden der mannen kjem frå, Moldegaard.

– Eg gjekk over i olja medan det framleis gjekk bra, og forsvann ut igjen då det byrja å gå dårleg. Dei siste åra har eg arbeid med å setja garden vår i stand. Det var meir arbeid enn vi hadde sett føre oss. No har eg klart å effektivisera meg ut av den jobben, og då denne moglegheita dukka opp, måtte eg berre hoppa på han, seier ho.

Reksten Mowinckel er imponert over pågangsmotet og «driven» i næringslivet i kommunen.

– Mentaliteten her er at vi heiar folk fram. Det er ikkje nødvendigvis unikt for Bjørnafjorden, men det er utruleg inspirerande å arbeida med slike folk. Næringslivet i kommunen er utruleg variert, og har mange, mange moglegheiter. Det er berre snakk om å leggja til rette på best mogleg vis for alle, seier ho.

Å henta inspirasjon frå andre næringsråd i nærleiken, kjem ho også til å gjera.

– Kva kan vi ta lærdom av, og kva kan vi gjera betre. Etter kvart må det lagast ein kortsiktig og langsiktig strategi for korleis næringsrådet og næringslivet kan utviklast på best mogleg vis i samarbeid med kommunen, seier den heilt ferske næringsrådsleiaren.